Feirer i Tufsingdalen på veg til Martnan

På vei martnan fra Dalarna.

På vei martnan fra Dalarna. Foto:

Av

Møt forkøyrarane på veg til Rørosmartnan i jubileumsåret for Verdensarven!

DEL

Røros bergstad – med slagghaugane og bygatene – vart innskreven på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarv i 1980. I 2010 vart verdsarvområdet utvida til å få med deler av Circumferensen – Røros Kobberverk sitt opprinnelege privilegieområde frå 1646.

Dermed er det jubileumsår for Røros bergstad og Cirkumferensen i 2020, og det heile startar i Tufsingdalen måndag 17. februar med eit åpent arrangement utandørs ved Mauritz landhandel.

Da Circumferensen vart innlemma i verdsarven, vart Vinterleden mellom Sverige, Femundsbygdene og gjennom Tufsingdalen til Røros, plukka ut som representant for alle køyreleder i området. Det er laga ein plakett som markerer innskrivinga i 2010. Leiar for utvalget for kultur i Innlandet fylkeskommune, Kjerstin Lundgård avduker denne. Det blir musikk ved Dalarna Femund spelmannslag og ordførar i Os kommune, Runa Finborud leiar det heile.

Det er tradisjon at forkøyrarforeninga har ein stopp hjå tufsingdølane. I år deltek dei altså på jubileumsmarkeringa. Tufsingdal bygdekvinnelag serverer varm suppe og kaffe til forkøyrarar og publikum.

Artikkeltags