Ungdomslaget med jubileumsrevyen "Vesle bygd i Dovrefjell"

Dalsbygda Ungdomslag øver gjennom hele uka for å sette opp "Vesle bygd i Dovrefjell".

Dalsbygda Ungdomslag øver gjennom hele uka for å sette opp "Vesle bygd i Dovrefjell". Foto:

Av
DEL

Dalsbygda Ungdomslag feirar sin 135-årsdag med å setje opp jubileumsrevyen «Vesle bygd i Dovrefjell».

– Det er ikkje berre scenearbeidarar som er naudsynt i ein slik produksjon. Difor er vi om lag 20 ungdommar som jobbar med alt får scenekunstar til musikk til lyd- og ljosteknikk. Øvingane har vorte halde framme sidan uti juni, og med øving kvar kveld den siste veka er vi klare for premiere laurdag 20. juli i Dalsbygda Samfunnshus, opplyser Dalsbygda Ungdomslag i en pressemelding.

– Vi har gjort eit djupdykk i arkivet vårt, og kjem du på revyen kan du glede deg til gjensyn av eit klippe utvalde sketsjar frå dei siste åra, ei innføring i historia til Ungdomslaget og eit par heilt nye, rykande ferske nummer, lover ungdomslaget.

De tar opp dagsaktuelle tema, tidlaus moro og avslører skumle aktivitetar i bygda. I tillegg ryktes det eit gjensyn av gamle heltar, kanskje nokon i ny framsyning ...

– Slik ønsker vi å heidre alle dei generasjonane med ungdom som har halde liv i Ungdomslaget før oss! Vi håper du vil vere med å feire dagen vår med oss, samt nyte ein revy du heilt sikkert aldri vil sjå maken til!

Send inn tekst og bilder «

Fortell fra kulturarrangementer og opplevelser, stort og smått!

Artikkeltags