Tildeles naturvernpris

Jon Østeng Hov

Jon Østeng Hov Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel
DEL

Den kjente naturfotografen Jon Østeng Hov frå Ålen er tildelt ”Heitkøtters Naturvernpris” for 2010.

Denne prisen vart innstifta i 2009 i namnet til naturvernbrørne Olaf, Norman og Fredrik Heitkøtter, og har som formål å stimulere arbeidet med å ta vare på norsk natur og eigenart med tanke på ei framtidsretta og livskraftig utvikling. Den første vinnaren var Øystein Dahle.

Jon Østeng Hov er ein av Norges mest anerkjente naturfotografar. Fleire av hans blomstermotiv er brukt på frimerker.

I meir enn 25 år var han også ein svært ettertrakta kåsør og foredragshaldar og trollbatt publikum med bilde og historier om elg og bjønn, blomster og fugl, ofte krydra med ein god porsjon humor.

For sin store innsats for å ta vare på mangfaldet i norsk natur er Jon Østeng Hov motteke ei rekke prisar og han er æresmedlem i Norges Naturvernforbund og Norske Naturfotografer og Ridder av St. Olavs Orden.

Prisutdelinga vil foregå på Åndalsnes i samband med haustkonferansen om Reinheimen Nasjonalpark som ber tittelen ”Å ta vare på”. Ingen ramme ville vel passe betre for Jon Østeng Hov.

Skjæråsenpris til ålbygg

Artikkeltags