Landbruket er livsnerven for forsyningstryggleik

Av
DEL

MeningsrettenLandbruksprodukt er grunnlaget for forsyningstryggleik, og breitt utbygd produksjon over heile landet. Med denne realiteten som grunnlag har det norske landbruket organisert produksjonen og omsetnaden i desentrale anlegg. Kort innfrakting og høg kvalitet på kjøtet, omsetningsorganisering som samlar opp innteninga, og styrkar utbetalingsprisen til råvare leverandøren – produsenten.

Ideen om å overføra slakta dyr frå private slakteri til slakterisamvirket blir derfor eit tiltak for å bryta med det oppbygde omsetningssystemet med regulering som er i dag, og som har gjort det rimeleg trygt å arbeida med kjøtproduksjon. Framlegget om dobbelt mottaksplikt blir derfor som å sparka krokfot på kjøtproduksjonen! Dette er alvorleg i tider der me til dagleg høyrar om underdekning av mat, og at det er auke av antal menneskjer som treng mat produsert etter strenge reglar mot antibiotiske resistente bakteriar. Når dyr blir sjuke har veterinæren (dyrlækjaren) med seg vel utprøvde medisinar, og legg att liste over bruken med beskjed om å halda att produkt frå sjuke dyr serleg kjøt og mjølk. Derfor er det så lite av slike varar levert av bønder i Noreg.

Me veit av gamal røynsle at då Kjøt og Fleskesentralen kom i gang vart dette eit banebrytande arbeid for å trygge omsetnaden. Ein del private prøvde å undergrave dette, men samvirketanken overlevde. Derfor er samvirket livsnerven i landbruksproduksjonen.

Send inn leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags