Farvel Sparebanken Hedmark!

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

MeningerI dag har mange folldøler fått avskjedsbrev frå Sparebanken Hedmark.  

Banken i Folldal skal rasjonaliserast bort. Utan å ta hensyn til geografi eller kunder. Dersom banken er «nødt» til å legge ned avdeling så skulle vel det ut frå geografi vera Alvdal som har relativt stutt veg til Tynset.   

Mønstret er likt seg, når ein organisasjon blir stor nok, så blir dei små ein klamp om foten. Heldigvis så finst det bankar som tek distriktet sitt på alvor.  Eg tenkjer på Tolga – Os Sparebank som og er på Tynset, og for oss øvst i Folldal er Dombås med Lom og Skjåk sparebank eit aktuelt alternativ, betydeleg nærare enn både Alvdal og Tynset. Det same gjeld Oppdal og  Oppdalsbanken der  mange frå Folldal handlar like mykje som på Tynset. 

I brevet frå banken står det velkommen til Alvdal og Tynset.   Det kjem ikkje til å skje. Folldal AP tek til orde for at kommuna skal ta saka opp med banken.  Ære være dei for det, men skulle det ikkje få Sparebanken Hedmark på betre tankar bør kommuna ta opp med nokon av dei bankane eg har nemt om dei er villige til å satse i Folldal. Med for eksempel  minibank og oppe bank ein eller to dagar for veka.  

Til gjengjeld vil da folldølane  overføre alle sine lån og innskott til den banken som vil satse på oss.

Send inn leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags