Får pris for å snakke dalsbygding

Therese Johaug.

Therese Johaug. Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Therese Johaug får Dialektprisen 2011 av Norsk Målungdom.

DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisa og alt innhold på nett

- Langrennsløparen Therese Johaug har gjort dialekten frå Dalsbygda til ein del av varemerket sitt, og er eit fantastisk førebilete for ungdom over heile Noreg, seier Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom.

Dialektprisen vert delt ut ein gong i året, og går til offentlege personar som har utmerkt seg på ein positiv måte med bruk av dialekt.

- Sjølv om det i dag er meir akseptert enn nokon gong å nytte dialekten sin overalt i samfunnet, er nokre dialektar mindre akseptert enn andre. Dette gjeld spesielt bygdedialektane på austlandet, og difor er det avgjerande at personar som Therese Johaug syner fram at desse dialektane duger like godt i det offentlege rom som andre dialektar. Kvar gong Johaug kjem til orde på TV eller radio syner ho fram dialektmangfaldet i Noreg på ein glimrande måte. Dialekten er ein viktig del av identiteten til mange, og det å høyre Johaug snakke si dialekt med stor sjarm og sjølvtillit, gjer det enklare for ungdom å halde på dialekten sin, seier Nygård.

Landsstyret i Norsk Målungdom har delt ut Dialektprisen kvart år sida 2001, og prisen har vorte ein av dei mest prestisjetunge språkprisane i Noreg.

Artikkeltags