Om legelisten.no: Legeforeningen advarer på det sterkeste mot å benytte denne siden

Av

Arbeidets Rett omtaler «legelisten.no»

DEL

MeningerArbeidets Rett refererer i artikkelen «En kvinne tjener mest av fastlegene i Fjellregionen» til Legelisten.no.

Denne sida framstår som ei slags medisinsk utgåve av tripadvisor der ein fritt kan skrive inn anonyme vurderingar av ein navngitt fastlege og legens arbeidsplass.

Hensikta med den privat drifta sida er å «hjelpe folk til å finne ein god lege», men sida driv også sin egen nettbaserte legetjeneste og åpner for at legene kan kjøpe reklameplass for sin egen praksiss.

Legeforeninga vil på det sterkaste advare mot å benytte denne sida.

Den gir ingen trygg informasjon som ein kan basere eit valg av lege på. Sida er også kommersiell, og ligg ikkje under nokon form for tilsyn. Fastlegen er offentlig ansatt og må følge retningslinjer når legen tilbyr behandling. Den offentlige leges rolle er også heilt forskjellig frå til dømes eigaren av ein restaurant. Nokon gonger må legen sei nei til pasientens ønsker når dette ikkje samsvarer med det som legen ser på som den beste behandlinga. Dette kan naturligvis gjenspegle seg i form av ein dårlig karakter på nettsida.

På Helfo.no kan ein finne informasjon om ledige plasser hjå fastlegen der du bur. Det jobbes kontinuerlig i alle kommunar i Fjellregionen med å ha eit godt fastlegetilbud.

På Tynset skal det 26/11 opp til politisk behandling ei ny kontorløsning som vil kunne øke kapasiteten til kommunen, og gi ledig listeplass for fyrste gong på mange år.






Send inn leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags