Vi må slutte å oppføre oss som strutser!

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LeserbrevVi er midt oppe i ei reform som kjem til å forandre kommune-Noreg, og kanskje også regionender vi bor. Reforma har skapt ein debatt vi seint vil gløyme, og det er spennande å følgje med på alle innlegga rundt om på «internettet». Eg må seie eg blir litt oppgitt over kor mye irrelevante spontan-innlegg ein kan finne. Eg trur mye av problemet er at folk ofte tar all fisk for god fisk, og dermed nærmast tilber folk som «vil alt». Heile befolkninga i kommunen må snart innsjå realitetane, først da får vi ein berekraftig diskusjon. Eg respekterer folk som ikkje deler dei same meiningane som eg, men då må dei kunne argumentere for det dei meiner. Eg håpar at nokon kan svare meg på kvifor dei på alvor trur at det vil vere best for Os å bestå som eigen kommune, for det forstår eg ikkje!

Slik som eg ser det, så kokar heile debatten i Os ned til to separate diskusjonar. Skal vi fortsetje som eigen kommune eller skal vi slå oss saman med nokon. Ein treng ikkje begynne å tenkje på retning før ein har landa på om samanslåing er nødvendig. Men spørsmålet er: Bør Os kommune slå seg saman med nokon?

Eg har vore heilt tydeleg frå starten at eg ønsker ei samanslåing. Dette på grunn av det økonomiske aspektet som vil prege Noreg i åra framover. Eg synes også det blir litt for dumt å begynne å blande følelsar inn i denne debatten. Kvifor skal ein ha følelsar til eit system som gjer ein tenester? For det er faktisk det ein kommune er: eit system som skal vere der for å gje innbyggjarane sine best mogleg tenester. Det er mogleg det er kunn meg, men eg har ikkje noko spesielle følelsar til eit slikt system. Mine følelsar er der eg høyrar heime, og det er ein geografisk lokasjon kalla Dalsbygda. Eg er dalsbygding sjølv om eg bor i Os kommune, og eg ser inga grunn til at eg ikkje skal vere det sjølv om namnet på kommunen blir annleis. Eg er interessert i at eg skal få dei beste tenestane og dei beste moglegheitene! Det trur eg ikkje at eg vil få i framtidas Os kommune viss vi veljar å bestå som eigen kommune!

No som samanslåing er det einaste riktige å gjere for kommunen, kjem spørsmålet om kvar ein skal gå. For min del er det ikkje noko tvil om kvar ein burde gå, og det er nordover mot Røros og Holtålen. Det er der vi allereie har mest samarbeid og det er dei som har vist interesse i oss. Den same interessa er ikkje å spore sørover. I den siste tida har det òg kome eit nytt alternativ på bordet: 4K- saman med Tolga, Tynset og Alvdal, som visstnok blir utleda i desse dager. Eg ser ikkje på det som noko reelt alternativ da vi har sett svært liten samarbeidsvilje med dei kommunane. Det bør begynne å skurre for dei fleste når den einaste forma for samarbeidsvilje skjer via ei privat tekstmelding på eit folkemøte. For å seie det på ein meir folkelig måte: vil vi vere med på ein fest vi har vorte invitert til, eller vil vi invitere oss sjølv til ein fest der ingen er så interessert i å ha oss med? For det er det vi har gjort, vi har mast oss til ei utredning som dei andre kommune kunn har vore middels interessert i.

Samtidig som lokale spørsmål er viktige trur eg at vi må løfte hovudet opp frå vår vesle maurtue her i Os, og sjå ting i ein større samanheng. Vi står mellom valet om å vere medlem av to fylkar: Trøndelag og Hedmark, som kanskje blir slått saman med Oppland. Av erfaring så trur eg ikkje Nord-Østerdalen har så mye dei skulle ha sagt når det kommer til store spørsmål i Hedmark. Vi er ein lite prioritert region samanlikna med Sør-Østerdalen og spesielt Hedmarken, og det er ikkje noko som tilseier at det vil bli noko betre viss Hedmark og Oppland slår seg saman, heller tvert om. Det meiste av utviklinga vil, saman med ressursane, ligge i og rundt Inter-City triangelet ved Mjøsa.

Ser ein nordover så ser ein et fylke som er villig til å satse på fjellregionen, og spesielt Røros. Dei har ei fantastisk utvikling knytt opp mot Trondheim, Noregs tredje største by, og da spesielt innafor vitskap og forsking. Eg synes ikkje det bør vere nokon tvil om kva for fylke Os eigentleg burde tilhøyra, og eg håpar at vi kan vere med å ta del i den utviklinga som i mye større grad vil skje i Trøndelag enn i Hedmark.

Viss innbyggjarane i Os kommune seier nei til samanslåing, ja da kan dei sitje på kvar si tuve å kjenne på kor godt det er å vere Hedmarking og å bo i Os kommune, mens skuler, barnehagar og eldreheimar forsvinner rundt dei, men ein ting skal dei ha; dei berga kommunen!

Det er lett å vere etterpåklok, men som dagens situasjon viser; svært vanskeleg å tenkje seg godt nok om på førehand!

Vi må slutte å oppføre oss som strutsar! Det blir ikkje noko betre av å stikke hovudet nedi sanda og håpe at alt går over. Vi må ta framtida i eigne hender, og slå oss saman med Røros og Holtålen før tenestetilbodet i kommunen blir dårlegare!

Bruk stemmeretten!

Godt val!

Send inn leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags