Vi treng regionale rovviltnemnder

Av

Det har den siste tida kome ulike utspel om rovviltnemndene sitt arbeid og forvaltningsansvar.

DEL

Meninger Det er også under arbeid evalueringar og rapportar. Rovviltnemndene sine medlemmer er nominert av fylkestinga og oppnemnd av Klima- og miljødepartementet og har eit klart mandat for si forvaltning av rovvilt i sine regionar.

Rovviltnemndene skal forvalte innanfor den ramma Stortinget har lagt. Det har sidan vedtaket i Stortinget 2004 vore ei regional forvaltning, som vi meiner på mange måtar har lykkast i sitt arbeid. Vi forvaltar etter den todelte målsettinga og legg ned mykje arbeid på konfliktdempande tiltak i form av FKT-middel og mange møter med nærings- og interesseorganisasjonar.

Vi meiner det har vore konfliktdempande at vi har den regionale forankringa. Nemndene legg alltid til grunn dei vedtak Stortinget har gjort. Innanfor det handlingsrommet gjer nemndene sine vedtak og har sitt grunnlag i forvaltningsplanar.

Vårt mandat er tydeleg; vi skal fylgje våre godkjende forvaltningsplanar og gjere vedtak som balanserer omsynet til rovdyra si overleving og beiteressursane, den todelte målsettinga. Det er vedteke bestandsmål for alle dei fire store rovdyra og vårt mål er å oppnå dei bestandsmåla.

Da treng vi ei aktiv forvaltning med lokal kunnskap og kjennskap både i rovviltnemndene og hjå Fylkesmannen sitt sekretariat. Derfor treng vi regionale rovviltnemnder også i framtida.


Send inn leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags