Røros-guiden

Av

I desse tider med Falkbergetsenter og Falkbergets Hus har det svirra med små og store tall og summar. Helst store!

DEL

Supertilbud: 5 kr for alt innhold på nett i 5 uker

MeningerI tillegg har det kome ord om at det skal satsast på Ratvolden på både det eine og det andre området. Eg blar og les i Rørosguiden for 2017. Det står om Smelthytta, Sleggveien, Olavsgruva, Doktortjønna m. m.

Tidlegare har Ratvolden vore med på lista. Ikkje eit tall eller bokstav om Ratvolden for 2017. Det er sikkert ein del av den nye satsinga. I rundt 30 år har det vore omvisning der. Ein får akseptere at opplegget med at ein meir eller mindre kunnskapsrik person lirer av seg ei lekse, ikkje er godt nok lenger. Ein kan markedsføre plassen ved andre tiltak. Onsdagskveldane på Ratvolden har vore vellykka og populære.

Eg er redd for at skal kunnskapslause personar halda fram med å bestemme over Falkberget og Ratvolden, vil Ratvolden bli fullstendig nulla ut om kort tid. Dei nemnde orda om satsing vil bli så tomme som ord kan bli! Falkberget-Ringen held fram med å skuffe. Ikkje eit pip!

Send inn leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags