Noen har, og må ta, ansvaret, når rovvilt fortrenger beitedyr utenfor rovviltsona

DEL

Leder«Vi skal ha rovvilt i norsk natur. Samtidig skal vi leggje til rette for beitedyr i norsk utmark. Difor skal talet på rovvilt være på eit bestemt nivå. Talet er satt lågt med omsyn til beitedyr. Klima- og miljødepartementet og resten av rovviltforvaltinga si hovudoppgåve er å sjå til at vedtatt politikk frå Storting og regjering blir gjennomført. Klima- og miljødepartementet er øvste styresmakt i rovviltforvaltinga, og har hovudansvaret for at det som Stortinget og regjeringa fastsett blir følgt opp.

Departementet har hovudansvaret for budsjett, regelverk og for at det som Stortinget og regjeringa fastset blir fylgt opp. Miljødirektoratet har det faglege ansvaret for rovviltforvaltinga på nasjonalt nivå.

Noreg er delt inn i åtte rovviltregionar. Kvar rovviltregion vert styrt av ei statleg rovviltnemnd, som er samansett av fylkespolitikarar og representantar utnemnd av Sametinget. Rovviltnemndene og fylkesmannen har hovudansvaret for rovviltforvaltinga i på regionalt nivå. Rovviltnemndene deler kvar rovviltregion inn i område der rovviltet skal ha forrang og område der vi tek spesielt omsyn til beitedyra. Da er det viktig å sette av store nok område både for rovvilt og for beitedyr. I område prioritert til rovvilt skal det være vanskelegare å få lov til å felle rovvilt enn i område prioritert til beitedyr.

For å nå bestandsmåla for kvar enkelt rovviltart, blir det kvart år felt/skote rovvilt. Dette heiter bestandsregulering. Det er ikkje lov med jakt på ulv, jerv og bjørn. Derimot har ein på desse artane lisensfelling. Det blir fastsett ei kvote for kor mange av desse dyra som kan fellas. Skadefelling er ein tredje måte å felle rovvilt på lovleg vis. I motsetning til kvotejakt og lisensfelling, skal ikkje skadefelling brukast for å regulere størrelsen på rovviltbestandane. Skadefelling skal brukast for å ta ut einskilde individ som har gjort eller kan gjere skade på husdyr eller tamrein. Naturmangfaldlova og viltlova er dei viktigaste lovene i forvaltinga av rovvilt. Noreg har også ratifisert Bernkonvensjonen, og både den og naturmangfaldlova seier at rovvilt skal bevarast i norsk natur, men også at det skal vere mogeleg å ta ut rovvilt for å unngå at desse drep husdyr og tamrein. I Noreg har vi også to rovviltforlik (2004 og 2011) som seier korleis vi i dag skal forvalte rovvilt i norsk natur. Det siste, rovviltforliket av 2011, er vedteke av eit samla Storting.» (Sitat: Regjeringa.no)

Det er på tide det begynner å virke nå, før all beitebruk i Fjellregionen er en saga blott.


Send inn leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags