Urovekkande tal for barnehagar og skular

Av

Torsdag denne veka skal det fremmes ei orienteringssak for kommunestyret om ressursgrunnlaget for grunnskulane i Tynset (sak 123/19). Saksopplysingane er mildt sagt urovekkande lesing.

DEL

MeningerBarnetala for kommunen er synkande. Dramatisk synkande. I tynsetbarnehagane var det i 2013 348 barn, mot 240 barn i 2019. Eit estimat for grunnskulen er nedgang frå snitt på 730 elevar (2004-2018) til 600 i 2025. Som følge av dette vil naturlig nok inntektene minke og sektorleder har i samråd med sine virksomheiter laga ein plan for kutt på 2,2 mill i 2020 og endå 3,3 mill i 2022.

I saksutredninga skriv sektorleder bekymringsfullt at «nasjonale krav og kommunale ambisjoner» for skulen må diskuteres. Grunnskulen i Tynset kommune har høge ambisjonar. Dette er ei tryggheit for både barn og foreldre. Det gjer nok skulen til eit attraktivt valg og ein god grunn for mange til å velge akkurat Tynset kommune som oppvekstkommune for sine barn.

Det er signalisert i saksframlegget at kutt kan innebære ei «generell effektivisering, læringssarenaer utanfor skulen, redusert svømmeundervisning og bibliotek ». I tillegg til dette kan det bli vanskelig for Tynset barneskule å tilfredstille norm for lærertettheit.

Som politikere er det viktig å jobbe for å oppretthalde så høg kvalitet som mulig i tynsetskulane. Kutta som er planlagt er lagt opp etter eit ostehøvelprinsipp. Ein vesentlig grunn til dette, er at det i 2018 vart lagt føringar på at skulestrukturen i kommunen skal ligge fast.

I talla som er vedlagt saka vises enorme geografiske forskjeller i kostnad pr skuleplass. (Tynset barneskule kr 73 000 pr elev mot eksempelvis Tylldalen skule kr 246 000). Det er sjølvsagt ikkje klart kor mange av framtidas elever som soknar til den enkelte skule. At skulestrukturen fortsatt skal være låst på noverande tidspunkt kan være uhensiktsmessig.

Vi fryktar at ostehøvelen skal ta bort nokre av dei største fortrinna kommunen har. Det handlar om ein av dei viktigaste årsakane til å busette seg på Tynset. Det handler og om ein arena for å skape god folkehelse.

Vi er med bakgrunn i dette redd vi ikkje kan frede skulestrukturen lengre, om vi vil sikre den beste skulen for elevane.





Send inn leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags