Gå til sidens hovedinnhold

Noreg ut av ACER!

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ingen EU-land er så avhengige av låg straumpris som Noreg. Ingen andre land har så stor andel kraftforedlande industri. Ingen andre land har i same grad oppvarming basert på straum. Tilslutninga til EUs energiunion og ACER er ein historisk tabbe og må reverserast før det er for seint.

Meininga med EU sin energiunion og ACER har vore å få ein lik straumpris i heile EU- og EØS-området, inkludert Noreg. Dette skjer ved ei rask utbygging av kablar mellom land. EU sin eigen plan tilsvarar 91 kablar på storleik med den omstridde NorthConnect-kabelen til Skottland. 25 kablar er allereie under bygging. Motstandarar av ACER har lenge hevda at det vil auke straumprisane dramatisk i Noreg medan tilhengarane har heile tida sagt at ein kabel maksimalt vil auke prisen med eit par øre, og at vi tvert imot kan importere billegvind- og solkraft.

Tysklandskabelen er nyleg sett i drift, og på slutten av året kjem Englandskabelen etter. Då har Noreg kapasitet til å eksportere 60 % av all straumen vi produserer. Og tal frå NVE viser at vi aldri har eksportert meir straum enn i første kvartal 2021. Vi gjekk inn i året med historisk høg magasinfylling; tidlegare ville det gitt låge straumprisar.

Eit prov på at det er kraftkablane som pressar prisane i veret er at straumprisane varierer svært mykje mellom landsdelane. Midt-Noreg har 10 øre lågare pris enn Sør-Noreg, og Nord-Noreg har endå lågare pris for ein kilowattime. Europower seier sjølve at dei er Noregs leiande nyheits- og analysebyrå om og for kraftbransjen. Dei skriv 20. juni: «Så langt i juni har strømprisen i Kristiansand (prisområde NO2), vært over 150 prosent høyere enn prisen i Tromsø (NO4). Den høye prisen i sør forventes å fortsette gjennom sommeren».

Under tittelen «Sørligste del av Norge knyttes nærmere europeiske kraftpriser» skriv Europower: «Det er ikke uvanlig at det er forskjell mellom kraftprisene i Tyskland og i Norden. Men at det er over dobbel pris i Tyskland, på de fleste kontraktene frem i tid, det er helt nytt. Prisen i Sør-Norge ventes imidlertid å nærme seg Tyskland.»

Sjølv om Noreg lenge har vore inndelt i fem prisområde, har det normale vore nokså lik pris i heile landet. Det er inga anna forklaring på prisskilnaden enn at det rett og slett ikkje er kapasitet i nettet til å frakte straumen fram til utanlandskablane. Dei nordlege landsdelane slepp billegare unna fordi dei ligg langt unna kontinentet og har for få høgspentleidningar.

Og straumprisane i EU vil halde fram å stige. EU skal få til overgang frå kol og gass til fornybar energi ved å auke prisen på CO 2- kvotar. Konsulentselskapet Thema har studert verknaden på straumprisen. Dei seier at når kvoteprisen aukar med 10 euro per tonn, aukar straumprisen med 3,5 øre per kilowattime. Kvoteprisen er dobla på eitt år til 35 euro per tonn som åleine har auka straumprisen med over 11 øre for ein kilowattime. Vi blir såleis tvinga til å betale ein indirekte «karbonskatt» på straumen sjølv om norsk kraftproduksjon slepper ut minimale mengder CO 2. Noreg treng grøn omstilling, og naturen har gitt oss dei beste føresetnadene for å få det tl gjennom produksjon av rimeleg og fornybar straum. Difor er det trist og uforståeleg at norske styresmakter gjev frå seg styringsretten over den grøne energien vår.

Når vi blir verjelause mot smitteeffekten frå dei høge straumprisane i EU, blir også motivasjonen for grøn omstilling mindre. Eit nytt stortingsfleirtal må ta tak i dette og syte for at vi kjem oss ut av ACER snarast råd.

Kommentarer til denne saken