Kulturminnefondet søker stipendkandidater

Ove Grytbak (t.v.) fra Røros fikk utdelt stipend fra Kulturminnefondet  og Simen Bjørgen i 2014.

Ove Grytbak (t.v.) fra Røros fikk utdelt stipend fra Kulturminnefondet og Simen Bjørgen i 2014.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

For fjerde året på rad, lyser styret i Kulturminnefondet ut to stipend i 2017, eit handverksstipend og eit formidlingsstipend.

Begge stipenda er på 50.000 kroner, og vedtak om tildeling vert gjort av styret i Kulturminnefondet etter nominasjonar frå publikum.

Bakgrunnen for stipendet er å støtte ein ung og lovande handverkar som har valt eit utdanningsløp innan eit tradisjonelt handverksfag, og som har synt evne til målretta arbeid over tid. Stipendet vil bli tildelt ein ung, engasjert, lærevillig og fagleg solid handverkar som også er interessert i å læra bort.


Stipendet vart i 2014 tildelt Ove Grytbak frå Røros, i 2015 Hans Andreas Haraldsen Lien frå Gjøvik og i 2016 til Ingunn Undrum frå Hardanger.

Formålet med stipendet er å bidra til å auka merksemda på kulturminnevern i Noreg. Stipendet skal nyttast til reiser og foredragsverksemd for å formidla erfaringar frå innsats i praktisk kulturminnevern over mange år. Den som mottek stipendet må kunne begeistra ulike målgrupper og syne korleis det er mogleg å redda kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut.
Stipendet vart i 2014 tildelt Else ”Sprossa” Rønnevig, i 2015 Handverksfabrikken i Gyland ved Erik Alfred Tesaker og i 2016 Bakketunet på Bjørke ved Marita Bett Aakre.

Den som ynskjer å foreslå kandidatar til stipenda kan sende forslag til Kulturminnefondet ved direktør Simen Bjørgen innan 10. januar 2017, på e-post simen.bjorgen@kulturminnefondet.no. Forslag kan også sendast i vanleg post til: Kulturminnefondet, ved Simen Bjørgen, Bergmannsgata 17, 7374 Røros

Send inn tekst og bilder «

Fortell fra kulturarrangementer og opplevelser, stort og smått!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken