Rovdyra blir tatt hensyn til - ikke beitenæringa

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Om ulv og fylkesmannen

DEL

MeningerSauetragedien Rendalen der opp mot 4 – 500 sauer er drepe eller lemlesta av ulv denne sommaren, er eit  typisk eksempel på korleis  rovdyrforvaltninga fungerar og som syner tydeleg at Fylkesmannen ikkje gjer jobben sin. 

Det er dette som er det vanlege, at det er rovdyra det blir teke hensyn til og ikkje til beitenæringa, som rovdyrforvaltninga også skal ivareta.  Dette går tydeleg fram når ein representant for fylkesmannen uttalar «det er alltid en mulighet for at ulven som var der i vår kan være et streifdyr som slår seg til andre steder».

Derfor vart søknaden om felling av ulven/ulvane i vår avslege.  Sjøl om vi nå ser dette i etterpåklokskapens lys, så var det vel i vår minst like stor sjanse for at ulven ville bli verande i beiteområdet, eller flytta seg til eit anna område med beitedyr? 

I dette tilfellet  er det utvist så stor uforstand i tenesta at det må få konsekvenser for dei ansvarlege, både strafferettsleg, økonomisk og ikkje minst at dei må ta ansvaret for den massive dyremisshandlinga avslaget på fellingssøknaden i vår  førte til.

Dalholen 22. august 2016, Hans Sletten

Send inn leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags