I dei fleste statlege verksemder merkar vi godt at arbeidet med desentralisering av oppgåver har fått fornya kraft. Det er mange direktorat og departement som no sit å vurderer kva oppgåver som kan desentraliserast. Rørosregionen har alle moglegheiter til å utnytta sine nasjonale fortrinn. Det viktige natur-og kulturminnefaglege kompetansemiljø i Rørosregionen, kan gjerne ta mål av seg å fylle enda større oppgåver i framtida. For heile landet.

Ein kombinasjon av godt dokumenterte resultat over tid med utviklingsorienterte lokalsamfunn, kan bli sentrale byggesteinar i arbeidet med utlokalisering av nye funksjonar. Denne regionen kan bli eit naturleg fyrsteval for enda fleire nye arbeidsplassar. Dersom den sjølv gjer kloke val.

I løpet av ei dei siste åra har eg i ulike roller sett faktorane som kjenneteiknar regionar som lukkast i sitt utviklingsarbeid. I arbeidet med kulturminnevern over heile landet, med Røros som base, ser eg eit potensiale som langt overgår det vi fram til no har sett. No gjeld det å spela ut dei rette korta for dei aktørane som arbeider med utvikling.

La meg kort forklara dei viktigaste grunnane til det. Rørosregionen framstår i dag som ein svært attraktiv region. I Kulturminnefondet har vi ofte ein 60- 70 godt kvalifiserte søkjarar til ledig stillingar. Det byr på få eller ingen problem å skaffe kvalifisert arbeidskraft. Ny teknologi og gode kommunikasjonar gjer det i dag mogleg å utvikla nasjonale kompetansemiljø med ankerfeste i Fjell-regionen. Vi opplever gong etter gong at våre samarbeidspartar rundt omkring i landet har lyst til å vitja Røros og regionen rundt. Dei har høyrt mykje spanande om dette området, og har hug til å oppleva dette sjølv. Gode samarbeidspartar i næringslivet gjer det mogleg.

By- og regionforskningsinstituttet (NIBR) laga i 2016 ei omfattande evaluering av Kulturminnefondet. Instituttet slår fast at Kulturminnefondets resultat er så gode, at dei ser ingen grunn til å foreslå endringar korkje i organisering eller plassering etter 15 års virke med kulturminne over heile landet. Hovudbildet i evalueringa viser at Kulturminnefondet fungerer mykje betre som eit lågterskeltilbud i dag enn nokon gong tidlegere.

NIBR skulle også gå gjennom organisering og vurdere plassering av Kulturminnefondets administrasjon. Når resultata var så gode såg ikkje NIBR, som eit kompetansemiljø i Oslo, nokon grunn til å foreslå endringar. Konklusjonen er at det er godt mogleg å utvikla ei verksemd med nasjonalt nedslagsfelt, og lokaliseringa til Røros vert sett på som ein fordel.

Kulturminnefondet er berre ein av mange aktørar i denne regionen. Rørosmuseet, bygningsvernsenteret, verdensarvsenter, base for noregs verdensarv, naturforvaltningsmiljøet og verdensarvrådet. Dette er berre nokre få døme. Det finst mange fleire.

Det er minst eit hundertals arbeidsplassar innan natur-og kulturminneforvaltning regionen i dag. Det kan bli enda fleire. Regionen må fortsatt vere offensiv og nytenkjande og moglegheitsorientert.

Kulturminnefondet feirar i år 15 års jubileum, med hovudarrangementet på Røros i mars. Interessa er større enn nokon gong tidlegare, og det kjem gjestar frå Vardø i nord til Arendal i sør. Kulturminnefondet er i dag en viktig nasjonale aktør. Vi er stolte og glade over å høyre heime i denne regionen. Når resultata er så gode, kjem vi til å utvikla oss på Røros, med fleire nye arbeidsplassar i åra som kjem. Vi deler gjerne våre erfaringar med å vera her. Og vi talar varmt om alle kvalitetane som finst her så ofte som vi kan.