Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Per Flatberg har i «Retten» den 2. juli eit tilsvar til Thomas Breen for at rovdyrnemndene er stort sett berre samansett av SP- og AP, samt ein og annan Frp og Høyre politikar. Men det har han jo svært mykje skyld i sjølv, fordi han som ein av Naturvernforbundets fremste aktivist gjennom tidene har stått for ein rovdyrpolitikk som har til hensikt å overkjøre beitebrukarane. Så må han også tåle at at det slår ut i at demokratiet fungerer til hans eige ufordel.
For det er jo dette som slår føtene unna både Venstre, MDG og SV sine distrikts-representantar, fordi det er hans eige syn som er det store problemet. Det er jo at det er slike som han som dominerer dette forflata miljøsynet, som ikkje tek serleg hensyn til at det er mest mogleg av artsmangfaldet som ein skal prøve å berge. For i alt det eg har sett av Per Flatberg sine «skriblerier» så er det berre at ein eller anna rovdyr/fugl som dagens Naturvernforbundet og han har prioritert som er viktigast i naturen. Det er jo dette som no er ferd med å øydelegge eit Ramsar-område på Tautra, når det gjeld Ærfuglen og Hettemåsen.
Det er derfor ingen grunn til at ei anna samansetting av rovviltnemndene vil ha nokon positiv verknad på artsmangfaldet. For problemet der er at vi er i ferd med å få for lite «bærekraftig bruk» av naturen på tidlegare tiders premissar. Og det eg har sett av han, at han ikkje kan akseptere anna prinsipp for sin vernetankegang for seg sjølv og Naturvernforbundet enn berre «klassisk vern».
Han avslørar seg dermed å ikkje ville diskutere bruk av naturen på FN sine prinsipp, som eg følgde med på under i mi leiartid i NTNV på 1990 talet da 2 av partsmøta føregjekk i Trondheim. Det er trass alt 685 andre raulista artar som er avhengig av at det skjer ein beitebruk av det landskapet som har vori beita i alle fall dei siste 2-3000 åra. Og eg viser til eit sitat frå ei ytring i Dag&Tid 21.4 i 2001 der avdøydde Hartvig Sætra skreiv om Klaus Høilands artikkel i D&T, som vår største kapasitet på «rødliste-artar» slår her fast at ulven er ikkje ein truga art, men at det finst mange smådyr og planteartar som ikkje vil overleve eit gjengrodd kulturlandskap.
Per Flatberg burde heller ta ei slik «bekymring» innover seg. Ulven kunne jo med fordel forvaltast gjennom eigne inngjerda reservat langs svenske grensa, som også ville stanse invasjon av villsvin og raurev som ber med seg dvergbendelorm. Men dagens miljøproblem er vel ferd med å bli for vanskeleg for slike som han, som berre har ønskt seg så lite av FN sitt syn på dette feltet, som råd.
Eg hadde under rovdyrmøtet på Hamar i Januar eit innlegg om korleis store kulturlandskap i bl.a. Polen langt raskare enn her i landet gror att. Og det vi ser som har vori på denne politiske banen er at det nok er først fremst kommersielle omsyn som er årsak til at spesielt ulven er ein så alliert med Per Flatberg sine tidlegare yrkesmessige karriere. Eg nemnde jo kontakten med FN fremste på bio-diversitets området V. Shiva, som, som gjer at verken Flatberg eller dagens Naturvernforbund, samt delar av forvaltninga har serleg truverde i befolkninga. Når det først og fremst er pengane som tel. For det som skjer er at pensjonerte naturforvaltarar også er i ferd med å dele synet på slik naturen bør forvaltast slik mange med meg har forfekta, etter at dei har blitt diktert kva dei skulle meine i det meste av sitt yrkesliv.