Rovviltforvaltinga følgjer opp rovviltforliket

Atle Hamar, statssekretær i Klima- og miljødepartementet.

Atle Hamar, statssekretær i Klima- og miljødepartementet. Foto:

Av
DEL

MeningerDet vert ført ei tydeleg soneforvalting i rovviltpolitikken. Dette er ei viktig årsak til at tap av sau til rovvilt har gått ned dei siste åra. Men på grunn av rovviltets biologi og kapasitet til å vandre er det ikkje mogleg å halde alle dei beiteprioriterte områda frie for rovvilt. Eg viser til leiaren i Arbeidets Rett 27. august med tittelen: "Mangler evne eller vilje?". Artikkelen viser til ein del tolkingar av rovviltforliket som ikkje er riktige. Det er ein klår intensjon om å få til eit godt skilje mellom leveområda for rovviltet og beitedyra, men det er ikkje noko vilkår i rovviltforliket at det ikkje kan finnast rovvilt innanfor beiteprioritert område. Det er difor ikkje eit brot med intensjonane i rovviltforliket at det vert påvist tap av beitedyr til rovvilt i beiteprioriterte område.

Rovdyr følgjer ikkje alltid dei grensene som vi menneska set opp for dei, og det er ikkje til å unngå at nokre rovdyr kjem inn og gjer skade i beiteprioriterte område. Ved slike tilfelle vert det ofte gjeve løyve til skadefelling, som det er gjeve på dei ulvane som har vore i Nord-Østerdalen denne sommaren. Å jakte rovdyr om sommaren er likevel særs vanskeleg, og det er difor ikkje alltid ein lukkast med raske uttak. Kvart år vil det gjennom våren og sommaren kome inn ulv frå Sverige. Og sjølv om det vart skote mykje ulv sist vinter, er det ikkje nokon garanti for at det ikkje kjem inn nye ulvar. Berre i kommunane Rendalen, Tolga og Tynset, som i år har opplevd store ulveskadar, er det registrert 46 døde ulvar frå 2001 til i dag.

Det er heller ikkje i strid med rovviltforliket å tilby stønad til sauebønder som vil leggje om til anna landbruksdrift i område med store rovdyrskadar. I sommar var det ein sauebonde som bad om eit møte med Miljødirektoratet for mellom anna å få informasjon om denne omstillingsordninga. Til dette møtet var også Rendalen kommune invitert, ettersom dette er vanleg praksis. Kommunen kunne ikkje delta. Det er sauebøndene som sjølv avgjer om dei vil nytte seg av tilbodet om omstilling eller om dei vil halde fram med sau. Eg kan difor ikkje sjå at det er grunnlag for å kritisere Miljødirektoratet for å ha ein dialog med sauebønder som tek kontakt fordi dei opplever store rovvilttap.

Send inn leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags